Tenn lys !
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.
1.søndag i advent er her. Julestjerna heng i vindauget. I går var det lysfest i byen, med faklar, julesongar og fyrverkeri. No er eg klar for å kome i julestemning.
Kl. 12.10 i dag:
Mobilen min ringer...
Mor: Hei, Hanna! E du våken?
Hanna: Ja, æg he allerde våre på fløyen og rundemanen, Æg æ på vei øve viddå...
Mor: Nei! E d sant?
Kanskje ikkje det mor hadde forventa seg av meg på ein sundagsføremiddag!? Det var ein flott tur, med mandarin, banan, kjeks, sjokolade, brød, kakao, solbærtoddy, snø og godt selskap av Ingvild Karoline. Det er ei god kjensle i kroppen å ha vore ute store delar av dagen, ikkje fult så godt å ha gnagsår og støle føter.
Fløyfjellet 400 moh
Sandviksfjellet 417 moh
Løvstakken 477 moh
Lyderhorn 396 moh
Damsgårdsfjellet 317 moh
Uliken 643 moh
Rundemanen 568 moh
I haust har eg vore på fire av sju fjell, Fløyen, Løvstakken, Ulriken og Rundemanen, og til våren må eg vel klara dei tre siste?
Eg ynskjer deg ei flott adventstid! Prøv å kos deg, til tross for at du sikkert er stressa med eksamen. Ein dag der ein ikkje tenker på eksamen anbefalast!


